Haukeliekspressen har sine aner attende til Automobillaget Haukeli som vart skipa i 1911 dvs. for 100 år sidan med ruta Dalen- Breifonn som starta opp 15. juli 1911.
Allereie i 1912 byrja samarbeidet mellom HSD-bilane og Telemark Billag l/l som etter kvart køyrde sommarrute Odda - Bø. I 1967 kom heilårsvegen over Haukeli og då også heilårsruta Odda - Bø.
Hausten 1986 starta Haukeliekspressen å køyre fredag, laurdag og sundag mellom Oslo og Haugesund . Våren 1987 vart ruta utvida til ein dagleg avgang i kvar retning.
I 1989 vart nattruta på fredag og sundag starta og frå 1992 også daglege nattavgangar.
Haukeliekspressen har i dag 3 daglege avgangar kvar veg Oslo -Haugesund/Bergen + nokre lokalavgangar Vest-Telemark - Oslo. Haukeliekspressen har i desse åra transportera over 3 mill. passasjerar.
Haukeliekspressen er ei av mange ruter i Nor-Way Bussekspress regi og vert i dag drive i samarbeid mellom Tide Buss (tidlegare HSD) og Telemark Bilruter.

Sjåførane Bjørn Midtbø og Tore Odden har vore med frå starten for 25 år sidan.



